Deprecated: Function get_magic_quotes_gpc() is deprecated in /home/2/d/daghnestegard/www/wp-includes/formatting.php on line 4388

Boklansering – Aurland 29. november
Forfattar Dag H. Nestegard er ute med den nye boka «Vegar gjennom fjell».
Vegar gjennom fjell
Dette er historia om norske tunnelar, og samstundes ei forteljing om modernisering av landet fram mot vår tid. I denne boka ser vi nærare på sju tunnelar som har forandra kvardagen til folk.
Den første er Gravhalsen på Bergensbana, som var ein ingeniørteknisk sensasjon i samtida. Den andre, Spiralen i Drammen, svingar omkring sin eigen akse sju vender oppover i fjellet. Vardøtunnelen i Finnmark er landets første undersjøiske. Fløyfjellstunnelen i Bergen er med fordi dette var første gong ein brukte tunnelboremaskin for veg, og ikkje dynamitt. Så er det Ofredalstunnelen i Sogn som blei verdas brattaste etter ein planleggingstabbe. Og Romeriksporten, ein samanhengande skandale frå start til slutt, men som likevel er blitt ein suksess for flytoget i vår tid. Den siste på lista er Lærdalstunnelen som blei verdas lengste biltunnel etter ein hestehandel i Stortinget.
Lansering og bokprat med forfattaren
Heradshuset i Aurland
Fredag 29. november kl. 13 blir det offisiell lansering av «Vegar gjennom fjell» på heradshuset i Aurland. Velkommen!
Sogndal bibliotek
Laurdag 30. november presenterar forfattaren boka på Sogndal bibliotek kl.14. Velkommen!
