Minneord etter Kjell Opseth

Kjell Opseth. Foto: Sølve Stang.

Ved Kjell Opseth sin bortgang har landet mista ein av dei største pragmatikarane etter krigen. Sunnfjordingen frå husmannsplassen Bergja i Førde treng eigentleg ikkje noko monument, for spora etter han finst overalt for oss som lever i dette landet, og brukar det til dagleg.

Som den yngste av åtte søsken frå eit småbruk utan veg, fekk han den protestantiske arbeidsetikken inn med morsmjølka. Og det er kanskje dette som meir enn noko anna kom til å prege livet til Kjell Opseth, nemleg behovet for å få noko gjort. Dette behovet hadde han etter faren Karl, som skipa Førde Sementvare, men også frå mora Orlaug som var dotter av skreddar Bruland. Farfaren Ludvig var fødd som husmann, og blei radikalisert då han var rallar på Bergensbana. Ludvig skifta då namn frå Skei til Opseth, etter brakkebyen på fjellet i Aurland.

I vaksen alder fekk Kjell to velskapte ungar, og opplevde sterk støtte frå kona Hjørdis gjennom heile livet. Det politiske engasjementet kom gjennom barndom og ungdom frå far og farfar, men det var først då han flytta heim igjen til Førde etter ingeniørutdanning i Grenland at den politiske karrieren verkeleg skaut fart. Resten er som kjent historie. Men kanskje meir sigrane frå rikspolitikken enn det han fekk til lokalt.

I etableringa av Førde som handelssentrum i Sogn og Fjordane spela Opseth ei sentral rolle i kommunalpolitikken på 1970-talet. Seinare vart det fylkespolitikk, og med vekt på næringsutvikling der industrisamfunna Svelgen, Høyanger og Årdal fekk nyte godt av bulldosaren frå Førde. Prat om ideologi og isme var ikkje noko for han. Han stod trygt i den sosialdemokratiske tradisjonen, og det var dei konkrete resultata på bakken som var viktige.

I 1981 blei det så stortingsplass, og heile tida med næringspolitikken som det viktigaste feltet. Difor var det nok den taburetten han hadde mest lyst på då Gro Harlem Brundtland skipa si tredje regjering hausten 1990. Som vi alle veit blei det samferdsel, og han sat i seks år. Til dags dato har ingen hatt den posten lenger i moderne tid. Og han høyrde til den inste kretsen til Gro. Dei to pragmatikarane fann kvarandre allereie på 1970-talet då Kjell var leiar for Sogn og Fjordane Arbeidarparti, og dermed medlem av Landsstyret. Kjell Opseth var ein av fire statsrådar som sat i same stolen i seks år i den siste Gro-regjeringa. Dei tre andre var Sigbjørn Johnsen i Finansdepartementet, Gunhild Øyangen i Landbruksdepartementet, og Thorbjørn Berntsen i Miljøverndepartementet.

Som statsråd for samferdselssaker landa han vedtaket som førte til bygginga av Gardermoen etter 40 år med krangling. Slik sett kan Kjell Opseth frå Førde med rette kallast Gardermoens far. Og han sette truleg Norgesrekord i rask planlegging. Seks år gjekk det frå vedtaket, og til kongen kunne klippe snora og opne den nye flyplassen i 1998. Det var også samferdselsminister Kjell Opseth som oppheva monopolet i lufta, og gav Norwegian luft under vengene. Og han privatiserte Telenor, som i vår tid er ein internasjonal suksess.

Lokalt er den 24 kilometer lange Lærdalstunnelen kanskje den største politiske sigeren hans. Lenge var det berre Kjell Opseth som trudde det var mogleg å bygge den tunnelen. Ikkje ein gong vegdirektør Olav Søfteland hadde trua, men sunnfjordingen gav klar beskjed, tunnelen skulle byggast, om han så blei verdas lengste. Og slik blei det.

Vi lyser fred over minnet.

 

Dag H. Nestegard, biograf.
3. desember 2017.