Om Nestegard

Om Nestegard

Dag H. Nestegard på Oslo bokfestival 2012. Foto: Hilde Fougner.
Dag H. Nestegard på Oslo bokfestival 2012. Foto: Hilde Fougner.

Forfattar Dag Hestetræet Nestegard (f. 10. februar 1968 i Florø) er frå Svelgen i Sogn og Fjordane, og bur på Ås i Akershus.

Nestegard er cand. mag. frå Universitetet i Oslo, og har ein master i litteratur frå Høgskulen i Vestfold. Han har og studert radiojournalistikk ved medielinja i Volda. Skuleåret 89/90 var han elev på avislinja ved Skjeberg Folkehøgskole i Østfold. Nestegard var først journalist i Firdaposten i Florø. Etter Volda (1992-94) arbeidde han ti år i NRK på Marienlyst i Oslo, mellom anna som nestleiar i utanriksredaksjonen og som korrespondent i Midtausten hausten 2001. Ein periode var han også informasjonssjef i Redd Barna.

Gjennom selskapet Nestegard Media laga han hausten 2007 dokumentarfilmen «Vekkelsen» for NRK. Brorparten av opptaka er gjort i Egypt. Filmen forklarar samanhengen mellom den islamske vekkinga og terror mot vestlege mål. Nestegard laga filmen saman med NRK-fotograf Mohammed Alayoubi.

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete (Sp) og Dag H. Nestegard. Foto: NRK.
Samferdselsminister Liv Signe Navarsete (Sp) og Dag H. Nestegard. Foto: NRK.

I 2013 kom biografien om atlanterhavsflygaren Thor Solberg,  og hausten 2016  biografien om samferdselsminister Kjell Opseth (Ap). Begge bøkene er gitt ut på Samlaget. Nestegard har vore presserådgjevar for samferdselsministrane Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) og Liv Signe Navarsete (Sp). Han har også vore taleskrivar for fiskeriministeren.

I 2018 publiserte Nestegard si første roman; «Songen frå Toledo».

Hausten 2019 kom «Vegar gjennom fjell» ut på Selja Forlag. Boka portretter sju norske tunneler som i sum teiknar eit bilete av det norske tunnelfaget med alle sine prosjekt.

Les mer om Nestegard på Wikipedia og på Samlagets forfatterside.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *