Deprecated: Function get_magic_quotes_gpc() is deprecated in /home/2/d/daghnestegard/www/wp-includes/load.php on line 656

Notice: Trying to access array offset on value of type bool in /home/2/d/daghnestegard/www/wp-includes/theme.php on line 2245

Deprecated: Function get_magic_quotes_gpc() is deprecated in /home/2/d/daghnestegard/www/wp-includes/formatting.php on line 4388
Utdrag frå «Songen frå Toledo» – Dag H. Nestegard
Deprecated: Function get_magic_quotes_gpc() is deprecated in /home/2/d/daghnestegard/www/wp-includes/formatting.php on line 2448

Deprecated: Function get_magic_quotes_gpc() is deprecated in /home/2/d/daghnestegard/www/wp-includes/formatting.php on line 4388
Utdrag frå «Songen frå Toledo»

Utdrag frå «Songen frå Toledo»

– Manuskriptet De har under armen, fekk Daniel Defoe til å skrive ned forteljinga om Robinson Crusoe. Kodeksen De har i skrinet blir rekna som den første filosofiske romanen.

– Eg les nok ikkje så mykje av den slags, svarar Faye.

– Det vil eg rå Dykk til å revurdere. Teksten skal vere forløparen til den europeiske danningsromanen og har inspirert såpass ulike intellektuelle som Newton, Kant, Voltaire, Marx og Kipling. Thomas Hobbes og John Locke også. De kjenner sikkert til desse forfattarane?

– Nei.

Faye føler seg dum og irriterer seg over at sjeiken er så opphengd i boka. Vanlegvis blir gjestane han tar med til Kinn, slått av kor vakkert det er her ute, med det vesle gudshuset og storhavet, himmelen og horisonten mot vest. Sjeiken ser ut til å vere upåverka av stemninga på øya og berre opptatt av andre ting. Dersom han likar det han ser, seier han i alle fall ingenting om det.

– Boka er eit tidleg varsel om den industrielle revolusjonen og opplysningstida.

– Vi skal vidare rundt svingen, seier Faye.

***