Deprecated: Function get_magic_quotes_gpc() is deprecated in /home/2/d/daghnestegard/www/wp-includes/load.php on line 656

Notice: Trying to access array offset on value of type bool in /home/2/d/daghnestegard/www/wp-includes/theme.php on line 2245

Deprecated: Function get_magic_quotes_gpc() is deprecated in /home/2/d/daghnestegard/www/wp-includes/formatting.php on line 4388
Vegar gjennom fjell – Dag H. Nestegard
Deprecated: Function get_magic_quotes_gpc() is deprecated in /home/2/d/daghnestegard/www/wp-includes/formatting.php on line 2448

Deprecated: Function get_magic_quotes_gpc() is deprecated in /home/2/d/daghnestegard/www/wp-includes/formatting.php on line 4388
Vegar gjennom fjell

Vegar gjennom fjell

Historia om norske tunnelar er ei forteljing om modernisering av landet fram mot vår tid. I denne boka ser vi nærare på sju tunnelar som har forandra kvardagen til folk.

Den første er Gravhalsen på Bergensbana, som var ein ingeniørteknisk sensasjon i samtida. Den andre, Spiralen i Drammen, svingar omkring sin eigen akse sju vender oppover i fjellet. Vardøtunnelen i Finnmark er landets første undersjøiske. Fløyfjellstunnelen i Bergen er med fordi dette var første gong ein brukte tunnelboremaskin for veg, og ikkje dynamitt. Så er det Ofredalstunnelen i Sogn som blei verdas brattaste etter ein planleggingstabbe. Og Romeriksporten, ein samanhengande skandale frå start til slutt, men som likevel er blitt ein suksess for flytoget i vår tid. Den siste på lista er Lærdalstunnelen som blei verdas lengste biltunnel etter ein hestehandel i Stortinget.

Klikk her for å kjøpe boka.